Skisenteret er stengt frå 12. - 26. mars
Status per 12. mars 2020 kl. 21.47
Me har over ein lengre periode hatt svært god dialog med kommuneoverlege i Voss Herad, Eystein Hauge, og har kl. 21.48 motteke ein beslutning frå kommunalt hald om å stenga skisenteret frå i kveld, torsdag 12. mars 2020 til 26. mars 2020. Dette er ei beslutning me har forståing for. Me ber om at gjester ikkje kontaktar oss per telefon då me for tida jobbar med å få full oversikt. Ver venleg å henvend dykk til
post@myrkdalen.no. Me svarar så fort me kan, men ber dykk visa tolmod i denne situasjonen.
Skisenteret er stengt frå 12. mars - 26. mars
Myrkdalen Hotel er ope komande helg og me har tilpassa drifta med diverse tiltak for å redusera smittefaren ihht nasjonale retningslinjer. Meir informasjon om status for Myrkdalen Hotel kjem sundag 15. mars. Ver venleg å henvend dykk til
post@myrkdalenhotel.no. Me svarar så fort me kan, men ber dykk visa tolmod i denne situasjonen.
Når det gjeld spørsmål kring refusjonar avventar me svar frå bransjen sentralt. Inntil vidare forheld me oss til avbestillingsreglane me har i dag. Me ynskjer også at de kontaktar eventuell reiseforsikring.
Me beklagar dette på det sterkaste.