Kanonbra søndag:)
Søndag morgon er det -2 gradar svak vind, og sol frå knallblå himmel:)
Heile fjellet er ope unntatt Hanguren & Vetlebakken, med supre forhold. Langrennsløypa er trakka og parken er klar med 5 hopp og 10 railar. Storastova og Varmestova er open for servering.
Det vert skirenn for dei minste i Grebbesbakken og Badnakrokjen kl 13.00, påmelding innan 12.30
Skibuss fra stasjonen kl 09.10, 10.00 og 11.20, retur kl 14, 15,16.
Me takker for ein herleg sesong med rabatt på dagskort: Kr. 300,- for vaksen og kr. 200,- for born om du bestiller på nett, eller kr. 350,- for vaksen og kr. 250,- for born om du kjøper i luka.
Velkomen til ein fantastisk siste søndag i Norges Beste Skiterreng:)
Foto: Sven Ove Bøe
