Fartsfylt Søndag!
I dag brakar det laus i Bavallen! Ta turen opp og sjå Skaninavisk cup Downhill. Her vert det fartsfylt sykkel ned alpinbakken. Seeding frå 10-12, finalar frå 13-15. Fleire lokale syklistar stiller til start, bli med å heie dei fram!
Borna sitt turlag invitere familiar på guida tur kl 11. Oppmøte i varmestovo før ein tar heisen opp og går i lag ned frå Ekspresstoppen. Undervegs vert det stopp for å sjå og heie på syklistane. Grebbesbandet er ope for små syklistar frå 10-16.
Etter tur kan me anbefale ein tur innom cafeen i varmestovo og ein tallerken deilig varm suppe frå Organic Soup Company.
Velkomen opp:)
