Sesongopning søndag 20. november
Den veka vi hadd.

Sesongopning søndag 20. november
Den veka vi hadde med fint og kaldt vintevêr fekk vi produsert såpass mykje snø at vi kan opne Enerskiheisen i skileikområdet og eit av minitrekka komande søndag.
Heisane,  kafeen og skiutleiga i varmestova er opne kl 11:00 – 15:00.
Det blir gratis å bruke heisane denne søndagen, men billettbua vil vere bemanna, og vi oppmodar folk om å nytte høvet til å kjøpe seg sesongkort denne søndagen. Vi minner om at det er 10% rabatt på sesongkort fram til 24.12. For å betre logistikken i anlegget, har vi flytta billettkontoret til underetasjen i Varmestova, rett ved sida av inngangen til skiutleiga.

Alla Harpefossen's bilder

  • 584 Besök
  • 0 Kommentarer
  • 0 + Gillar