Førebuingar
Me har brukt laurdagen til klargjerin.

Førebuingar
Me har brukt laurdagen til klargjering av både barnetrekk og T-trekk, ein del polstring samt vask og klargjering av varmestova. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dersom det ikkje set inn med godt snøver eller ein bitande kulde framover ser det dårleg ut for opning andre joledag.

Alt er imidlertid klart for snøproduksjon, så får me stabile forhold med temperaturar ned mot -8-10 grader set me i gang kanonene med ei gong.

Det trengs 15-20cm med snø for å kunne preppe langrennsløypa mellom Maurseth og Liseth, så framleis ser det ikkje heilsvart ut for å kunne få til dette innan 2.joledag. Det meste er avhengig av vergudane, og dei er det som kjent vanskeleg å rå med.

Me kjem attende med meir info så snart situasjonen endrar seg, og i alle fall innan jolekvelden:-)

Sysendalen Skisenter

  • 796 Besök
  • 0 Kommentarer
  • 0 + Gillar