Pudderalarm 2 13.01
Himmel og hav kor det har lava ned!
Det er kome nye 20 cm til i dag og til over 55 cm dei siste dagane.
Det er no lettskya ver, svak vind og -4 grader.
I dag køyre me Hangurstrekket, Slettafjellet, Ekspressheisen, Tråstølen og Grebbesbandet.
Varmestova og Storastova er open for servering.
Skibuss frå stasjonen v/Fengselstomta (bak Voss Sparebank) 09:10, 10 og 11:20 med retur 14,15 og 16
Kveldskøyring i kveld fra 16-21
Velkommen pudderfredag i fjellet!
