Laurdag 4. mars
Laurdag morgon er det skyfritt, svak vind og -3 gradar.
Alle heisar er i drift. Pga teknisk feil køyre me kun eitt trekk på Slettafjellet,Tea Løypa er opna og det er kjempeforhold:)
Det er 6 railer og 2 hopp i Alphaparken og 3 railar på Slettafjell
10 km langrennsløype vart trakka og sporsatt i går tidleg
Alle kafear er open for servering.
Det vert barneskirenn i Grebbesbakken kl 13, og i Badnakrokjen vert det trolldag med Trollmor og Trollfar. Servering av Trollbrygg, og skirenn med Trollfar.
Session invitere til Park Jam på Slettafjellet, med demo av snowboard, Big Jump/rail konkurranse kl 11.30, og god stemning:)
Afterski på skiBarBula frå kl 15.00
Skibussen går frå stasjonen v/Fengselstomta 09:10, 10 og 11:20 med retur 14,15 og 16.
Kveldskøyring i Vetlebakken frå 15-18
Velkomen til ein nydelig laurdag i Norges beste Skiterreng!
