Pudderlaurdag 18. mars :)
Laurdag morgon er det skyfritt, svak vind, -6 gradar oppe og -2 nede. Det er komt mykje deilig villsnjo sidan i går, ca 45 cm sidan torsdag:) Og det er meldt sol i dag! I dag køyre me alle heisar, og det er kjempeforhold.
Det er 6 railer og 2 hopp i Alphaparken. 3 railar og ein liten skicrossløype på Slettafjell. 10 km langrennsløype vert trakka på morgonen.Alle kafear er open for servering.
Det vert barneskirenn i Grebbesbakken og Badnakrokjen kl 13 .
Åsnes har skidemo på Slettafjellet frå 10-14, og kjem med årets feitaste ski. Her får ein gode tips og råd og sjølvsagt mulighet til å teste ut drømmeskia i bakken. Kveldskøyring i Vetlebakken frå 15-18. Afterski på SkiBarBula frå kl. 15. SkiBarBula band speler, Fellesbryggeriet kjem.
Skibussen går frå stasjonen v/Fengselstomta 09:10, 10 og 11:20 med retur 14,15 og 16.
Velkomen til ein fantastisk fin laurdag i Norges beste Skiterreng!
