Søndag 26. Mars
Søndag morgon er det skya, svak vind, og 1 grad. I dag køyre me alle heisar, løypene er nypreppa, og det er gode forhold. Det er 6 railer og 2 hopp i Alphaparken. På Slettafjellet er det 1 stort hopp, 3 små hopp, 3 rails og 2 fun box. 10 km langrennsløype vart trakka i går. Alle kafear er open for servering.
Det vert barneskirenn i Grebbesbakken og Badnakrokjen kl 13.
Skibussen går frå stasjonen v/Fengselstomta 09:10, 10 og 11:20 med retur 14,15 og 16.
Velkomen til ein fin søndag i Norges beste Skiterreng!
