Klar for påske på Harpefossen Skisenter
Det er u.

Klar for påske på Harpefossen Skisenter
Det er uvanlig sein påske i år, og vi har bak oss ein vinter med lite snø både i lavlandet og i høgfjellet. Dette betyr at vi har sparsomt med snø i nedfartar og i fjellet, og dessverre for det meste snøfritt i turløypene nede i dalen. Men vi har spara på ein del av kunstsnøen ned på Harpefossen, og teke godt vare på snøen på Furehogane, og det er i tillegg meldt nedbør som snø i fjellet framover mot påske, så vi reknar med at vi kan ha opne heisane kvar dag klokka 10:00 – 16:30 frå laurdag 8. april til 2. påskedag 17. april.
Det blir også gjort forsøk på å køyre opp løype både på Steineggja og Ljøsureggja, og desse løypene vil bli merka med stikker på begge sider av traseen.

Alla Harpefossen's bilder

  • 352 Besök
  • 0 Kommentarer
  • 0 + Gillar