Pudderlaurdag 22. april:)
Laurdag morgon er det sol bak skyane, laber bris, og -3 gradar. Det har komt ca 20 cm finfin villsnjo sidan i går føremiddag! I dag køyre me alle heisar unntatt Hanguren, Grebbesbakken, Vetlebakken og Alpha.
Storastovo og Varmestovo kafear er open for servering.
Me feire sesongen med pudder og afterski med konsert på Tråstølen. Sjølvaste SkiBarBula band kjem og varme opp for Turbostipend, dette vil du ikkje gå glipp av! Det er nokre få billettar att, dei kan kjøpast på Storestova frå kl 12, ver kjapp om du vil sikre deg adgang til årets råaste afterski;)
Fullt program for dagen finn du her: https://vossresort.no/no/aktivitetar//10134/garasjefest-med-turbostipend/
Skibussen går frå stasjonen 09:10, 10 og 11:20 med retur 14,15 og 16.
Velkomen til ein strålande avslutningshelg i Norges beste skiterreng!
