Velkomen!
Sundags morgon kl 0850 har me overskya v.

Velkomen!
Sundags morgon kl 0850 har me overskya ver med ein ørliten trekk frå sydaust! Fine forhold i nedfartane, begge trekk går frå 10 - 16. Skiutleiga og kiosken er opne heile dagen! Meteorologane melder noko lite snø i løpet av dagen.

Sven Erik er ute med løypemaskina, og dei fleste løypene er klare til kl 10. Me nyttar dagen til klargjering av fjelløyper til vinterferien, så om Skisporet skulle vise grøne fjelløyper i løpet av dagen ber me likevel om at De held Dykk i løypene nede i dalen i dag slik at me unngår konfliktar mellom tråkkemaskin/snøscooter og ivrige skigåarar.

Velkomen på ski!

Alla Sysendalen's bilder

  • 749 Besök
  • 0 Kommentarer
  • 0 + Gillar