Ta ekspressheisen til fjells under Ekstremsportvek.

Ta ekspressheisen til fjells under Ekstremsportveko i Juni!
Under Ekstremsportveko (22. – 30. juni) kan du ta Ekspressheisen i Bavallen for å koma deg til fjells. Heisen tek deg frå 285 moh (bunn) til 817 moh (topp). Frå toppen av heisen får du umiddelbar tilgang til ei mengde turstiar i vakre omgivnadar. Stiane høver både for syklande og gåande.

Heisen er og ope for deg som ynskjer å ta med sykkel eller paraglidar.

For dei aller minste tilbyr me heisbasert sykling i Grebbesbakken kvar dag under ekstremsportveko. Bandet tar deg og sykkelen opp, so kan du leika deg med små hopp, hindringar og ein lita utforløype. Tysdag og torsdag under veko vert det ettermiddagsope i Grebbesbakken, frå kl 17-19, der me arrangere ritt med premiar til alle born kl 18.00. Sykling for born i Grebbesbakken er gratis:) Meir info finn de her: https://ekstremsportveko.com/activities/kids-5-9/mtb-i-grebbesbakken/

Foto: Jan Helge Fosså

Voss Resort Sommar

  • 270 Besök
  • 0 Kommentarer
  • 0 + Gillar